Johannes O. Melstvedt

Johannes O. Melstvedt fødd i Øystese i Hardanger, kom til Kalvåg i 1860, og vart den sentrale mannen i oppbyggjinga av Kalvåg som fiskevær i siste halvdel av 1800-talet. Han dreiv landhandel, dampskipskai, salteri, fiskebåtar og fraktefart.
Svigersonen Torstein Lepsøe bygde verksemda vidare ut med fisketilverking og hotell. Dei gamle bygningane er idag sentrale element i gjestgjevarstaden i Kalvåg.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2008