Jørgen H. Andersen
Jørgen H. Andersen ( ) Verksdirektør. Dr. ing. Tilsett som den første administrerande direktøren ved Bremanger Smelteverk 1923- 1941.
Andersen sette sterkt preg på utviklinga av Svelgen som industristad. Saman med skipsreiar Wilhelm Jebsen frå Bergen og direktør for Christiania Spigerverk, Gunnar Schelderup, vert han rekna som drivkreftene bak skipinga av Bremanger Rujernverk (seinare Bremanger Smelteverk.
Dei tre er heidra med ei minneplate med portrett ved storsalen i samfunnshuset i Svelgen som verket bygde og gav til bygda i 1961.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 14.02.2011