Hopp til innhold
X
Innhald

K. Strømmen Lakseoppdrett AS

K. Strømmen Lakseoppdrett i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

K. Strømmen Lakseoppdrett i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS i Rugsund vart grunnlagt av oppdrettspionéren Kristen Strømmen i 1972 og er største oppdrettsverksemda i Bremanger kommune.

Strømmen bygde flytemerdar etter eigne teikningar. Laksen vart omsett gjennom fiskeeksportørar i Måløy og Florø.

I 1979 bygde han slakteri i Straumen i Rugsund. Anlegget har vorte utvida fleire gonger sidan. K. Strømmen Lakseoppdrett AS har fleire oppdrettslokalitetar i Frøysjøen og langs strendene i ytre Nordfjord. I 1997 overtok sonen Sven Jørgen Strømmen som dagleg leiar. I 2006 hadde K. Strømmen Lakseoppdrett AS ei omsetning på 57 millionar kroner og sysselsette 18 årsverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2010