Hopp til innhold
X
Innhald

Kalvågprosjektet

Lisetbua i Kalvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lisetbua i Kalvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1980-talet starta Kalvågprosjektet, som tok sikte på å ta vare på dei gamle sjøbuene i Kalvåg, og nytte dei til ny næring.

Ei av drivkreftene i arbeidet har vore Svein Inge Fosse, som no m.a. driv Knutholmen restaurant og overnatting, og daglegvarehandel og gjestebryggje med base i dei gamle forretningshusa til Melstvedt og Lepsøe.

Buer er museum

Det gamle sildesalteriet til Alb. Vamråk er museum, som avdeling under Kystmuseet for Sogn og Fjordane i Florø. Det same er Lisetbua, som er teken vare på med interør og reidskap etter bøkkarar, trandamperi m.m.

Alb. Vamråk Sildesalteri, no museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alb. Vamråk Sildesalteri, no museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.04.2010