Hopp til innhold
X
Innhald

Kina-Ola i Botnane

Under Napoleons-krigane tidleg på 1800-talet vert det fortalt at fiskarbonden Ole Oleson Nordbotten vart teken til fange av eit engelsk kaperskip.

Han fekk valet mellom i verte putta i fengsel eller å gå i teneste som sjømann på ei engelsk skute. Ola valde det siste og vart plassert ombord på ei engelsk skute som skulle til Asia. Etter dette ufrivillige sjømannslivet fekk han reise heim att til Bremanger, men vart all sin dag etter dette kalla «Kina-Ola».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.04.2008