Hopp til innhold
X
Innhald

Kjøpelag for bøndene

I Midtgulen fekk Rasmus R. Indrehus og Knut K. Kjelkenes organisert eit såkalla kjøpelag for bøndene – truleg ein gong på 1890-talet.

Slike lokale kjøpelag organiserte felles innkjøp av kraftfór, såkorn, kunstgjødsel og landbruksreiskap. Slik fekk bøndene betre kjøpsvilkår og sikrare leveransar enn om dei bestilte kvar for seg. Det meste av slike varer kom i den tida frå Bergen. Knut K. Kjelkenes finn vi elles att noko seinare som handelsmann i Svelgen – sjå artikkelen: Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen. I 1901 vart Den vestlandske Felleskjøpsforening skipa.

– Les meir i artikkelen: Innkjøpssamyrket for jordbruket under Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008