Hopp til innhold
X
Innhald

Klippfisk var viktig salsprodukt

Fisketørking på berga ved den gamle handelsstaden Holmen i Bremanger.

Fisketørking på berga ved den gamle handelsstaden Holmen i Bremanger.

Det gode torskefisket som har vore både i Frøysjøen, Bremangerpollen og i Gulenfjordane, Hennøy og Bortnepollen gjorde at mange, både på øyane og fastlandet, dreiv produksjon av klippfisk.

Fleire nakne bergskoltar har namn som minner om at dei vart nytta som tørkeberg for klippfisk. Der det ikkje var nok bergknausar, nytta ein bord og stigar til å leggje klippfisken på for tørking.

Klippfisken vart seld til oppkjøparar frå Bergen. Den viktigaste fiskekjøparen for Bremanger-folket i Bergen var von Tangen. Her bytte dei ofte i byvarer og fiskeutstyr, og mange sleit ofte hard med å betale gjelda til von Tangen og andre når uåra sette inn. I Midtgulen var torskefisket spesielt godt i mellomkrigstida. Då vart ein god del torsk sett levande i lås og seld til brønnbåtar som kom frå Bergen for å hente. Prisen var betre for levande fisk enn for klippfisk.

Torskefiske på Bremangerpollen i 1920. Båten er MB Nansen, eigd av Alf og Kristoffer Torvanger. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Torskefiske på Bremangerpollen i 1920. Båten er MB Nansen, eigd av Alf og Kristoffer Torvanger. Ukjend fotograf. Eigar: Magnhild Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2010