Knut K. Kjelkenes

Knut K. Kjelkenes landhandel i Svelgen vart starta i 1917 av Knut M. Knutson Kjelkenes.
Han hadde tidlegare drive fiskehandel i Kalvåg. I tillegg dreiv han trandamperi på garden som han og kona Katrine eigde i Vindspollen. Då anleggsarbeidet starta i Svelgen, dreiv han først handel frå ein båt på kaia på Riseøyra før han bygde eigen butikk på den nye industristaden. Sonen Arnfred Kjelkenes tok over butikkdrifta i Svelgen sist på 1940-talet.
Sonen til Arnfred, Olav Kjelkenes, tok over butikken i 1958 og dreiv den til huset vart rive i 1962. Butikken vart flytta til nye lokale i Svelgen Samfunnshus og seinare til Granden, og var i drift til 1992.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 28.10.2011