Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Bremanger

Christian V overnatta på skysstasjonen i Smørhamn i 1685 i samband med ei reise mellom Trondheim og Bergen. Han vitja på same tida futegarden på Fure. (Sjå Kongevitjingar i Fjaler.)

Kong Fredrik IV var i Smørhamn i 1704.

Kong Fredrik IV var i Smørhamn i 1704.

Kong Fredrik IV

gjesta Smørhamn i 1704 på ei reise frå Bergen til Trondheim. Dei kom til Askvoll 20. juli, overnatta og reiste til Smørhamn dagen etter. På vegen nordover til Smørhamn steig fylgjet i land på ein stad der det skulle vore funne jaspis – ein smykkestein. Dei grov i berget fleire stader utan å finne noko.

I dagboka som generaladmiral Gyldenløwe førde frå reisa, vert det fortale at husa som kongefylgjet overnatta i Smørhamn, var torvtekte med lam beitande på taket.

Frå Smørhamn gjekk ferda til Moldøen i Vågsøy kommune der dei åt middag. (Sjå Kongevitjingar i Vågsøy.)

Kong Harald V og dronning Sonja

vitja som kronsprinspar Svelgen i 1979 på ei rundreise i Sogn og Fjordane. Dei nytta kongeskipet «Norge» på reisa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2009