Hopp til innhold
X
Innhald

Kornelius Ragnar Solheim

(Kornelius) Ragnar Solheim (1910–1998) frå Vetvik, busett i Måløy. Tannlege og motstandsmann under 2. verdskrig.

(Kornelius) Ragnar Solheim (1910–1998) frå Vetvik, busett i Måløy. Tannlege og motstandsmann under 2. verdskrig.

Solheim dreiv tannlegepraksis i Måløy frå 1937 til midt på 1980-talet. Deltok saman med halvbroren Ivar Solheim og og Ole Gangsøy i våpensmugling. Alle vart arresterte i 1942 etter opprullinga frå Telavåg i Hordaland. Både (Kornelius) Ragnar Solheim og Ivar Solheim vart dødsdømde. Ragnar var tre gonger ordra til rettarstaden på Akershus utan at ordren vart utført. Alle tre sat i fangenskap til krigsslutt i 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008