Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Bremanger

Med Rugsundbrua og tunnelen under Skatestraumen fekk Bremangerlandet fastlandssamband. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Med Rugsundbrua og tunnelen under Skatestraumen fekk Bremangerlandet fastlandssamband. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter opningsår:

Vegar på Frøya

Etter utskifting av jorda på øya Frøya i 1860 vart det bygd veg frå fiskeværet Kalvåg og innover Frøyalandet til gardane langs Oldersundet.

Steinset fekk veg til Kalvåg i 1912. Foto: Arild Nybø, NRK.

Steinset fekk veg til Kalvåg i 1912. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vegen frå Kalvåg og vestover til Steinset vart opna i 1912, og dermed vart det samanhengande veg frå Frøynes ved Oldersundet og til Steinset. Vegen frå Kalvåg og vestover til Liset vart bygd som naudsarbeid på 1930-talet.

Frå vegen mellom Kalvåg og Hauge i Bremanger. Bussen er på veg til Smørhamn ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå vegen mellom Kalvåg og Hauge i Bremanger. Bussen er på veg til Smørhamn ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygdevegen Førde–Vik i Ålfoten

vart bygd frå 1870-talet, men vart først fullført kring 1897 då Staten løyvde 5000 kroner til vegarbeidet. I byrjinga var det planen at vegen skulle gå heilt ut til den einbølte garden Askvika som var stoppestad for rutebåtane den første tida, men seinare vart dampskipskaia flytta lengre inn i fjorden til Myklebust.

Ryland fekk vegsamband i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ryland fekk vegsamband i 1938. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lokale vegar på Bremangerlandet

Opplysningane om dei eldste bygdevegane på Bremangerlandet er mangefulle, men det som er kjent er at køyrevegen frå Struen og innover dalen til Dalsbotten vart bygd ferdig i 1927. I 1931 var vegen ferdig austover frå Struen til Fossen. Ryland og Eikeset fekk veg nordover mot Struen og Hauge i 1938. Vegen vestover frå Igland og vestover mot Grotle vart bygd i etappar, og dei dei ytste gardane på Grotle fekk veg til gards i 1945. Veg til grenda Nødset på sørsida av Bremangerpollen var ferdig i 1946. Arbeidet med vegen mot Kjerpeset og Novelandet vart starta på 1950-talet, men det var først på slutten av 1960-talet at dei ytste gardane på Bakke fekk veg til gards.

Novelandet fekk veg på 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Novelandet fekk veg på 1960-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved utgangen på nordvestsida av Oldeidstunnelen kan det vere kraftig vind. Difor er det sett opp vindskjermar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved utgangen på nordvestsida av Oldeidstunnelen kan det vere kraftig vind. Difor er det sett opp vindskjermar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Smørhamn-Bremanger-Måløy

Vegsambandet frå Dalsbotten på Bremanger-sida og gjennom den 155 meter lange tunnelen under Oldeidskaret og til Oldeide vart opna i 1948.

Rugsund-Davik-Isane

vart opna i 1961. Samanhengande veg langs Nordfjord frå Isane til Rugsund opna i 1968. Etter at det nye fastlandssambandet frå Bremanger og Kalvåg vart opna i 2002 har den smale og dårlege vegen mellom Rugsund og Davik skapt store problem for m.a. fisketrailerane som skal austover frå fiskefabrikkane i Kalvåg.

Riksvegsambanda til Svelgen

ndustri- og kommunesenteret Svelgen fekk vegsamband med omverda i 1965 då vegsambandet sørover til ferjeleiet på Haukå vart opna.

På strekninga opp mot Magnhildskartunnelen er det gjennomført fleire rassikringstiltak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På strekninga opp mot Magnhildskartunnelen er det gjennomført fleire rassikringstiltak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det var ikkje samanhengande veg mellom Davik og Rugsund før i 1961. Men delar av vegen vart bygd langt tidlegare. Desse karane med spett som hjelpemiddel er i arbeid ved Ugla, vest for davik.

Det var ikkje samanhengande veg mellom Davik og Rugsund før i 1961. Men delar av vegen vart bygd langt tidlegare. Desse karane med spett som hjelpemiddel er i arbeid ved Ugla, vest for davik.

Vegen Davik-Rugsund

vart opna i 1961. Samanhengande veg langs Nordfjord frå Isane til Rugsund opna i 1968.

Vegen mellom Davik og Rugsund er smal, men har likevel i nokre år vore ein del av fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Davik og Rugsund er smal, men har likevel i nokre år vore ein del av fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rugsund–Bortnen

Vegen mellom Rugsund og Leirgulen/Lofnes vart teken i bruk kring 1930, og vegen frå Lofnes til Bortnen vart opna til jul i 1983. Veg frå Lofnes til den einbølte grenda Blålid oppe i dalen vart opna i 1968. Då hadde arbeidet gått føre seg sidan 1950-talet, delvis på dugnad.

Ferje på Isane og tunnel til Ålfoten

Vegsambandet frå Svelgen mot Nordfjord går gjennom Ålfotdalen til ferjeleiet på Isane (Isane-Stårheim) 1972. Gjennomslag på den 1733 meter tunnelen mellom Isane og Ålfoten 1971.

Vegkrysset inst i Berlepollen. Vegen til venstre går til Berleneset på austsida av pollen, den andre vegen går til Berle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegkrysset inst i Berlepollen. Vegen til venstre går til Berleneset på austsida av pollen, den andre vegen går til Berle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg til Berle

Veg til Berle frå Skatestraumen opna i 1976 – derav 800 meter tunnel, på folkemunne kalla Berleporten.

Bruer til Frøya

Brusambandet mellom Frøya og Bremangerlandet over Oldersundet/Hamrøysundet vart opna i 1977. Til saman er det kring 500 meter bruer på strekninga. Den lengste er Oldersundbrua på 336 meter mellom Sundsøya og Frøya.

Oldersundet bru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oldersundet bru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norddalsfjordbrua

avløyste ferjestrekninga Haukå-Bjørnset då den vart opna i 1987. Brua er på til saman 401 meter. Det lengste spennet er på 230,5 meter og er det lengste spennet av denne typen i Europa. Les meir under Flora kommune.

Veg Svelgen-Nesbø

Veg Svelgen-Nesbø opna i 1987.

Botnane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Botnane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Veg til Sørgulen og Botnane

Vegen frå riksvegen på Myklebust og vestiover til Sørgulen vart opna i 1969, og vegen heilt fram til Sørbotnen vart opna i 1993. I denne vegen låg det nokre lengder med tidlegare bygdeveg som vart skøytte samman med nybygd veg.

Bremangersambandet

Den første lekken i det som vert kalla Bremangersambandet var fastlandssambandet for 1900 menneske på øyane Bremanger og Frøya som vart opna den 12. juli 2002.

Den 16.mai 2013 vart andre delen av Bremangersambandet opna. Her ser vi vestover mot Hornelen frå Bortnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den 16.mai 2013 vart andre delen av Bremangersambandet opna. Her ser vi vestover mot Hornelen frå Bortnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2013