Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyning i Bremanger

Den gamle kraftstasjonen frå 1921 står midt på området til Elkem. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle kraftstasjonen frå 1921 står midt på området til Elkem. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Når folk i Svelgen skulle til fjells nytta dei denne stigen som vart sett opp i anleggstida. Biletet er frå 1933.

Når folk i Svelgen skulle til fjells nytta dei denne stigen som vart sett opp i anleggstida. Biletet er frå 1933.

Bremanger Kraftselskab A/S i Svelgen vart skipa i 1914, og bygde ut to store kraftstasjonar like under Svelgsfossen. Den første stod ferdig i 1921, og Svelgen fekk alminneleg forsyning frå same tid.

Alt i 1918 bygde selskapet ein liten kraftstasjon slik at dei hadde elektrisk kraft i anleggstida. Tanken var å nytte krafta frå første stund til eit smelteverk, men i staden vart mykje av krafta leigd bort til Ålfot interkommunale kraftselskap.

Les meir om dette i eigen artikkel: Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet.

Fylgde med til Elkem

Kraftstasjonane fylgde ved seinare eigarskifte med over til Christiania Spigerverk og derfrå inn i Elkem-konsernet, som seinare har bygt ut og regulert dei fleste vassdrag kring Svelgen – m.a. Indrehusvassdraget – og dessutan Nordalsvassdraget i Flora kommune ved at vatnet derfrå er ført over til kraftstasjonar på Svelgen-sida.

Det var Sogn og Fjordane fylke og Christiania Spigerverk som i si tid kjøpte Nordalsvassdraget i fellesskap. Les meir i artikkelen Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Yksenelvane før kraftutbygginga. Foto: Bergens Tidende.

Yksenelvane før kraftutbygginga. Foto: Bergens Tidende.

Yksenelvane Kraftverk

aust for Ålfoten vart bygt ut av det interkommunale kraftselskapet Firdakraft, og kraftstasjonen vart sett i drift i 1954. Fallrettane i Yksenelvane leigde Firdakraft av Sogn og Fjordane fylke, som hadde overteke dei etter det fallerte Ålfot interkommunale kraftselskap - sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet.

Maskinhallen i kraftstasjonen i Yksenelvane.

Maskinhallen i kraftstasjonen i Yksenelvane.

Med denne utbygginga fekk «kraftbygda» Ålfoten også innlagt elektrisk straum i alle gardstun – over 50 år etter at vassfalla kring bygda vart selde til fossespekulanten Ragnvald Blakstad. Seinare har kraftstasjonane i Øksenelvane vorte utvida fleire gonger ved større reguleringar i nedslagsfeltet, og i 2006 vart det bygd vel seks kilometer veg heilt frå Ålfoten og opp til dei regulerte vatna i fjella under Ålfotbreen.

Lossing av generator i Yksenelvane. Foto: Kåre Herland.

Lossing av generator i Yksenelvane. Foto: Kåre Herland.

Yksenelvane med dagens vassføring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Yksenelvane med dagens vassføring. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åskora kraftverk

I 1966 fekk eigar av fallrettane, Sogn og Fjordane fylke, konsesjon på utbygging av Åskoravassdraget i Ålfoten. Ved sida av Yksenelvane lengre aust, var Åskora dei fallrettane som fylket hadde overteke etter det fallerte Ålfot-selskapet - sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet. Den første kraftstasjonen i Åskora vart teken i bruk i 1971. Same året vart Vestlandske Kraftsamband med sete på Sandane avvikla, og i staden skipa fylket i 1972 sitt eige Sogn og Fjordane Kraftverk – SFK – som no vart eigar av Åskora-anlegga. SFK fekk Sandane som administrasjonsstad og vart i 1984 omskipa til Sogn og Fjordane Energiverk. Seinare vart namnet endra til Sogn og Fjordane Energi AS, og selskapet tok m.a. opp i seg Firdakraft og Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

Åskora-falla var rekna til å gje 460 GWh, og den andre kraftstasjonen – Åskora II – stod ferdig i 1973. Ein del av vatna i vassdraget har uvanleg reguleringshøgde.

Ålfoten med Åskora i bakgrunnen. Over det heile, Ålfotbréen, som forsyner kraftverket med vatn, også i nebørsfattige periodar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ålfoten med Åskora i bakgrunnen. Over det heile, Ålfotbréen, som forsyner kraftverket med vatn, også i nebørsfattige periodar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kravde veg til Ålfoten

I samband med utbygginga, kravde folket i den då veglause Ålfoten vegutløysing og ferjesamband som vederlag. Ålfoten Ungdomslag sikra seg tilskot frå utbyggjaren til bygging av nytt samfunnshus. Under anleggsarbeidet miste to menn frå Ålfoten livet ved ei sprengingsulukke i ein tunnel i 1969.

Mindre kraftverk i kommunen

Ut over dei store kraftverka i Svelgen og Ålfoten vart det bygt fleire mindre kraftverk for lokal forsyning kring om i Bremanger kommune: I 1914 fekk 25 husstandar på Sigdestad og Myklebust, samt skulen i Ålfoten innlagt straum då Ålfot-selskapet bygde ein liten kraftstasjon der. Ålfot-selskapet hadde m.a. bruk for elektrisk lys i administrasjonsbygget og funksjonærbustadane som dei sette opp i Ålfoten.

Anfinn Lågeide hadde ein liten kraftstasjon i drift i Lågeidselva frå 1937 til 1974. Alf Øvrebotten hadde sin eigen kraftstasjon i nokre få år på 1930-talet på Nesbø.

Eit elvekraftverk i Sagelva hjå Rasmus Dyrstad forsynte tre husstandar på Dyrstad med straum frå 1939 til 1955. I Vik i Ålfoten hadde oppsitjarane sitt eige kraftverk frå 1946 til 1958.

Torvald Vingelven hadde kraftforsyning til eige bruk frå Vingelvfossen frå 1952 til 1982, då det vart utskifta med nye maskiner og ny røyrgate. Dette var i drift til august 2000, då det vart fornya for tredje gong. Då hadde Rolf Vingelven teke over, og kraftverket er framleis i drift.

Vingelven, der det vart bygt eit lite kraftverk i 1952. Biletet er teke frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vingelven, der det vart bygt eit lite kraftverk i 1952. Biletet er teke frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svelgen-krafta seld til offentlege kraftselskap

Dei norske konsesjonslovene frå 1909 sette forbod mot at utanlanske selskap kunne eige fallrettar og kraftproduksjon i Noreg. I 2008 kravde EU/ESA at den norske konsesjonslova måtte endrast slik at utanlandske private selskap vart jamstelte med norske selskap i å eige kraftressursane. Dette gjorde at den norske regjeringa i all hast fekk endra lova slik at det no berre er offentleg eigde energiselskap som kan eige dei store kraftverka i landet.

Det Orkla-eigde Elkem måtte dermed selje kraftanlegga sine kring Svelgen. I løpet av sommaren 2009 skipa dei store, offentleg eigde energiselskapa SFE – Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft AS og Tafjord Kraft AS på Sunnmøre eit nytt selskap; Svelgen Kraft Holding AS. Dette selskapet kjøpte hausten 2009 alle aksjane i Elkem Energi Bremanger AS for 1,7 milliardar kroner. Kraftverka Svelgen III, Svelgen IV og Straumane kraftverk var med i handelen. Til saman kan desse kraftverka produsere 435 Gwh i året.

I holdingselskapet eig SFE 56 prosent, Tafjord Kraft 34 prosent og Sognekraft 10 prosent. Også Sunnfjord Energi var ei stund med i forhandlingane, men måtte trekkje seg frå eigarskap fordi dei hadde andre store utbyggingsoppgåver som trong mykje kapital.

I 2013 gjorde SFE/Svelgen Kraft ein bytehandel med Statkraft, slik at Svelgen Kraft overtok kraftverka Svelgen I og Svelgen II mot at Statkraft fekk overta SFE sin del (35%) av Leirdøla kraftverk i Luster. (sjå Luster kommune)

SFE sine kraftportefølje i 2009

  • Skorge kraftverk i Kjødepollen i Selje 5 GWh
  • Åskora I og II i Ålfoten 577 GWh
  • Yksenelvane inkl. småkraftverka i Bjørndalen og Daurmål 195 GWh
  • Leigeavtale om tre kraftverk i Gloppen tils. 67 GWh
  • Kraftverka i Svelgen 675 GWh – inkl. leigeavtale om Svelgen I og II på 240 Gwh
  • Sagefossen Kraftverk ved Skogstadvatnet ved Eikefjord 45 GWh
  • Skogheim Kraftverk ved Storfjorden i Vestre Hyen 37 GWh
  • Øvre og Nedre Markevatn i Askvoll 57 GWh
  • Oslandsbotnen i Askvoll 14 GWh
  • Mel kraftverk i Vetlefjorden 217 GWh
  • Leirdøla i Luster – 30 % eigarskap 167 GWh
SFE eig til saman 4200 km kraftliner.

Kraftmaster i fjellsida over Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftmaster i fjellsida over Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2013