Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Bremanger

Under andre verdskrigen vart mange skip torpedert eller bomba langs vestlandskysten. Tankskipet «Biwi» vart torpedert av norske MTB-ar i den strategisk viktige Frøysjøen natt til 2. juledag 1944. Foto utlånt av Ståle Sørbotten

Under andre verdskrigen vart mange skip torpedert eller bomba langs vestlandskysten. Tankskipet «Biwi» vart torpedert av norske MTB-ar i den strategisk viktige Frøysjøen natt til 2. juledag 1944. Foto utlånt av Ståle Sørbotten

Gamal vete ved Davik

I det gamle militære varslingssystemet med vetar, låg det i eldre tid ein vete vest for Davik.

Kina-Ola i Botnane

Under Napoleons-krigane tidleg på 1800-talet vert det fortalt at fiskarbonden Ole Oleson Nordbotten vart teken til fange av eit engelsk kaperskip.

Livbåten som dreiv over Nordsjøen og vart berga av folk frå Gåsøy.

Livbåten som dreiv over Nordsjøen og vart berga av folk frå Gåsøy.

1. verdskrig

Under 1. verdskrig i 1917 berga folk på Gåsøy 25 britiske sjøfolk som hadde drive over Nordsjøen i ein livbåt etter å ha blitt torpedert ved Shetland ei veke tidlegare.

2. verdskrig:

Krigsutbrotet

Den 13. april 1940 naudlanda eit tysk Junker 52 transportfly/sjøfly i Berle, og den norske vaktbåten «Hval V» tok tre fangar og senka flyet.

På Ospeneset hadde tyskarane festning. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

På Ospeneset hadde tyskarane festning. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Tyske festningar

Skipsleia i Frøysjøen og nordover mot Nordfjord hadde stor strategisk betydning. Som ein lekk i invasjonsforsvaret «Festung Norwegen» bygde tyskarane under 2. verdskrig store festningsverk med langtrekkande kanonar på Ospeneset i 1942 og Gotraneset ved Berle i 1943 for dekning av Frøysjøen

Shetlandsfart frå Bremanger

Shetlandsfarten fekk tidleg mange viktige bruhovud i Bremanger for våpentransport og transport av flyktningar og sabotørar.

Harald Svindseth.

Harald Svindseth.

«Operasjon Hamburg»

vart sett i verk mot Kalvåg 25. februar 1943. Tyskarane hadde fått tips om våpenlager og drivstoffdepot, og sette 800 mann inn i ein razzia der alle vaksne menn vart internerte i skulehuset. Dei fann ingenting, og den tyske offiseren som leia aksjonen hamna like etter på austfronten!

«Sabotasje i Svelgen»

I 1943 freista Linge-karane Ragnar Ulstein, Harald Svindseth og Nils Fjeld å sprengje fiendtlege skip på hamna i Svelgen. Aksjonen hadde kodeordet Vestige I (sjå også Krigshistoria i Askvoll). Etter loddtrekkjing skulle Harald Svindseth utføre oppdraget med å feste sprengladningar (Limpets) på skutesida til handelsskipet «Hartmut». Natt til 24. september vart oppdraget utført, men ladningen gjekk for tidleg av, og det skadde skipet vart sett på land. Dei tre rømde til England etter først å ha søkt tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten i Botnane.

Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymde i Botnane. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)

Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymde i Botnane. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)

Sabotørar på flukt

I 1944 måtte ei anna gruppe Linge-karar, leia av «tungtvanns-sabotøren» Fredrik Kayser (1918-2009), også søkje tilflukt hos Thorbjørn Øvrebotten etter å ha blitt oppdaga med miniubåtar ved Skatestraumen. Dei hadde i oppdrag å sprengje skip på hamna i Måløy. (Sjå òg Sabotørane på Gangsøy og Bjørn West.)

Konvoibombing i Frøysjøen

På det opne havstykket over Frøysjøen mellom Bremanger og Florelandet var tyske konvioar på veg langs kysten ekstra utsette for allierte åtak frå MTB-ar og bombefly.

Bombinga av «Framnæs»

I november 1944 vart Fylkesbaatanes «Framnæs» skoten i brann av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen. Skipet hadde kring 70 passasjerar ombord.

Motstandsfolk i Ålfotdalen.

Motstandsfolk i Ålfotdalen.

Snowflake

Vinteren og våren 1945 heldt leiinga av Milorggruppa «Snowflake» til i Ålfotdalen og fjella kring Svelgen.

Overrumpla Linge-karar

13. mars 1945 vart radiostasjonen Roska ved Frøysjøen peila inn av tyskarane. Dei overrumpla dei to Linge-karane på stasjonen. Atle Svardal frå Florø vart drepen på staden, Fredrik Persen teken til fange (sjå også Krigshistoria i Flora).

Falne og omkomne frå Bremanger

I alt 31 personar frå Bremanger kommune fall i krigsteneste eller døydde av krigshandlingar. Berre Flora kommune hadde fleire krigsoffer under 2. verdskrig i Sogn og Fjordane.

Folk frå Bremanger i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010