Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsutbrotet

Den 13. april 1940 naudlanda eit tysk Junker 52 transportfly/sjøfly i Berle, og den norske vaktbåten «Hval V» tok tre fangar og senka flyet.

Den 28. april 1940 fall eit tysk bombefly i sjøen vest for Mulen på Frøya. Ein miste livet. Tre overlevande vert tekne til fange av norske styrkar og førde til Måløy, og hamna seinare i britisk krigsfangenskap.

Seinare under krigen vart Kalvøya ved Kalvåg og nokre høgspentmaster ved Oldersundet utsette for bombing utan at det gjorde større skade.

Den 12. mai 1940 fann to tyske marinebåtar det danske lasteskipet «Keiserinne Dagmar» som hadde søkt ly i Ålfoten. Skipet vart teke i prise og ført til Bergen. Dagen etter tok tyske marinefarty hand om dei norske mineleggjarane «Gor» og «Vale» ved Kjelkenes, og førde dei seinare til Bergen. I Sørgulen vart det norske handelsskipet M/S «Bera» teke som prise.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.04.2008