Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Myklebust

Myklebust dreiv forretning i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myklebust dreiv forretning i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kristoffer Myklebust starta landhandel i Ålfoten kring 1910. Broren Jørgen overtok, men gjekk konkurs kring 1924. Butikken låg nede til Thomas Myklebust starta att i 1927. Han bygde kombinert bustad- og forretningsbygg, og like etter 2. verdskrig eit nytt forretningsbygg på nedsida av vegen. Han dreiv forretninga til kring 1970.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2010