Hopp til innhold
X
Innhald

Kvalstasjonen i Vågane

Vågane, der det var kvalstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågane, der det var kvalstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågane er ein lun våg like nordaust for Smørhamn på Bremangerlandet. Etter opptak frå Staten vart det i 1917 bygd opp ein kvalstasjon – «Den Norske stats Kvalstasjon».

Det var mangelen på feitt under den 1. verdskrigen som gjorde at staten starta denne kvalstasjonen som produserte matfeitt og olje og seinare også beinmjøl. Stasjonen i Vågane vart styrd av fagfolk frå Vestfold og hadde tre båtar som fanga kring 180 kval om året.

Kvalstasjonen var i drift til 1920. Då vart visstnok utstyret skrudd ned og sett oppatt på ein kvalstasjon i Gibraltar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.04.2010