Hopp til innhold
X
Innhald

Kvinneleg lensmann på 1700-talet

I eldre tider kunne det hende at enkjer etter ombodmenn fekk overta stillinga når mannen døydde.

Dette hende i Bremanger i 1762 då enkja etter Rasmus Ivarson, Cecilie Margrete Busch, fungerte som lensmann i eit par år til ho fekk gifta seg oppatt med Gerhard Ludvig Paust. Då tok Paust over som lensmann.

Grunnen til at Cecilie fekk skjøtte vervet, trass i at ho var kvinne, har truleg samanheng med at ho kom frå ei mektig og rik embetsslekt – Busch – og at det på den tida heller ikkje var menn i høveleg stand og stilling i Bremanger som høvde for lensmannsvervet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2008