Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjene i Gulenfjordane

Midtgulen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midtgulen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midtgulen kyrkje på Kjelkenes vart bygd i 1904. Arkitekt var byggmeister Lars Nilsson Sølvberg.Altartavla frå 1904 er måla av Frida Rusti (sjå Kjende personar i Leikanger fødde år 1850-1875). Kyrketomta var ei gåve frå Jens Sandvik. Far hans, Hans Sandvik, hadde i 1879 gjeve gratis grunn til ein gravstad for folket på fastlandssida.

Før kyrkja på Kjelkenes kom, måtte folket på fastlandssida krysse den verharde Frøysjøen for å kome seg til kyrkje – fram til 1865 til Grotle, og etter 1865 til den nye kyrkja ved Kalvåg. Under kapitlet «Ulukker» kan du lese om mange som miste livet når kyrkjebåtane deira kvelva i Frøysjøen.

– Les også om den bitre lokaliseringsstriden på slutten av 1800-talet i artikkelen Frøya kyrkje skapte bygdestrid.

Svelgen kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgen kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgen kapell

Midtgulen kyrkje på Kjelkenes var bygd i ei tid med veglause bygder kring Gulenfjordane, og då robåten var det vanlege framkomstmiddelet. Sjølv om det hadde gått føre seg kraftutbygging og industrireising i Svelgen heilt frå 1915, og smelteverket kom i drift i 1928, så skulle det vare heilt til 1960 før det største senteret i Bremanger kommune fekk eiga kyrkje: Svelgen kapell, teikna av arkitektane Claus og Johan Lindstrøm, som begge hadde røter i Lindstrøm-familien i Lærdal.

Alt i mellomkrigstida vart det arbeidd med planar om eit bedehus på industristaden, men i 1946 vart desse planane endra til at ein ville byggje eit bedehuskapell. Pengevanskar gjorde at det nye kapellet, når det endeleg kom i 1960, vart sparsommeleg og enkelt innreia.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2010