Kyrkjer i Bremanger

Ålfoten kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I Ålfoten finn vi den eldste trekyrkja i Nordfjord, og taket er så lågt at altartavla er stukken opp gjennom eit hol i taket. Rugsundkyrkja som har eit enkelt utsjåande utvendes, løyner ein kulturskatt innvendes, der ein av dei mest kjende kyrkjedekoratørane i Noreg har stått føre utsmykkinga. Den kjende kunstmålaren Anders Askevold har vore både arkitekt og har måla altartavla i Frøya kyrkje, og vest mot havet på Grotle ligg den gamle kyrkjegarden frå mellomalderen.
Gamlekyrkja på Grotle
På Grotle i Bremanger har det frå mellomalderen vore kyrkje.
Davik-kyrkja låg lenge under Eid
I 1740 vart kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten skilde ut frå Eid prestegjeld som eit nytt Davik prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.
Trangt under taket i Ålfot-kyrkja
Ålfoten kyrkje er bygd kring 1610 og er den eldste trekyrkja i Nordfjord.
Rugsund stort kyrkjesokn i gamal tid
Rugsund kyrkje vart bygd i 1838. Arkitekt H.D.F. von Linstow.
Frøya kyrkje skapte bygdestrid
Frøya kyrkje like aust for Kalvåg vart bygd i 1865.

Midtgulen kyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kyrkjene i Gulenfjordane
Midtgulen kyrkje på Kjelkenes vart bygd i 1904.
Bremanger kyrkje
på Hauge vart bygd i 1914.
Berle kapell
Berle kapell vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apelseth frå Ørsta. Altartavle av Ingjerd Pettersen Hagh.
Hunskår gravkapell
På Hunskår heilt nord på Bremangerøya har det vore gravplass i lengre tid. Fram til tidleg på 1950-talet var det berre eit klokketårn på gravplassen. Då vart det bygt eit gravkapell. Attmed kapellet ligg ankeret til fiskebåten "Sterk" som forliste i Skatestraumen rett nedanfor gravplassen i 1911. Ni menn omkom i forliset.

På Hunskår ved Skatestraumen og ved foten av Hornelen står dette gravkapellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.03.2012