Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Bremanger

Botnane Ungdomslag i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Øvrebotten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Botnane Ungdomslag i 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Arne Øvrebotten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nokre lag og organisasjonar i Bremanger ordna etter startår:

Frøyen Kvindeforening

vart skipa i 1865 som den første misjonsforening i Bremanger. Den vart på folkemunne kalla «gamleforeninga» fordi dei fleste medlemene var eldre kvinner.

Daviigs Bondevenforening

vart skipa i 1868 som den første foreninga av dette slaget i Sogn og Fjordane. Bondevenene var ei politisk rørsle med stortingsmann Søren Jaabæk som leiar. Han sat på Stortinget frå 1845 til 1890, og gjorde seg og sine til talsmenn for sterk nedskjering av offentlege utgifter og statleg engasjement. På Stortinget fekk Jaabæk difor tilnamnet "Nei-bæk". I Sogn og Fjordane gjekk bondevenene m.a. inn for å omgjere Fylkesbaatane frå fylkeseigd til privat selskap, og nedlegging av Mo Jordbruksskule - begge starta i 1858.

Gulen Skytterlag

i Midtgulen vart skipa i 1884 og er såleis eitt av dei eldste skyttarlaga i Fjordane.

Losje Frøya framfor ungdomshuset Framsteg. Foto: Chr. L. Berg. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Losje Frøya framfor ungdomshuset Framsteg. Foto: Chr. L. Berg. Eigar: Ove Totland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Losje Frøya

i Kalvåg vart skipa i 1895. Laget bygde saman med Frøyen Ungdomslag forsamlingshuset Framsteg i 1903.

Losje Våren

i Bremanger vart skipa i 1897.

Ålfot ungdomslag

vart skipa i 1897. Før det hadde det vore såkalla «leselag» i bygda. I 1914 reiste laget bautastein for dei som fall i krigen 1807-1814.

Ungdomslaget «Framover»

vart skipa på Kjelkenes i 1898. Det fekk skipa Gulen Folkeboksamling i 1899, og samla frå 1899 inn pengar til kyrkje i Midtgulen. Saman med losje «Andror» bygde laget ungdomshuset «Trudvang» i 1930.

Forsamlingshuset til Losje Havrók. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forsamlingshuset til Losje Havrók. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Losje Havrók

i Bremanger vart skipa i 1898.

Vestlandske Indremisjonsforbund i Bremanger

Medan dei andre misjonslaga i Fjordane kring 1900 vart medlemmer av Det norsk lutherske Indremisjonsselskap, melde misjonslaga i Bremanger og kring Dalsfjorden seg inn i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, etter at dette i 1898 braut ut av den meir kyrkjetilknytte misjonsrørsla.

- Les meir om dette under Sogn og Fjordane fylke: Kristelege lag og kristelege rørsler.

Bedehuset på Hauge i 1903. Huset vart brukt som kyrkje til Bremanger kyrkje vart bygd i 1914. Ukjend fotograf. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bedehuset på Hauge i 1903. Huset vart brukt som kyrkje til Bremanger kyrkje vart bygd i 1914. Ukjend fotograf. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ålfoten idrettslag

vart skipa i 1904.

Davik Skyttarlag

vart skipa i 1905.

Ungdomslaget «Ungskogen»

i Rylandspollen vart skipa i 1909. Etter ein passiv periode vart laget skipa på nytt i 1921. Laget bygde ungdomhus kring 1950.

Davik sanitetsforening

- seinare Davik sjukerøktlag - vart skipa i 1914 etter opptak frå prestefrua Amalie Eide.

Losje Andror

på Kjelkenes vart skipa i 1914.

Norske Kvinners Sanitetsforening

– Sjå Sogn og Fjordane fylke – samla oversyn over medlemsforeningar i NKF under Norske Kvinners Sanitetsforening.

Ungdomshuset i Førdspollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset i Førdspollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Havdur Ungdomslag

i Bremanger vart skipa i 1918. Det heitte den første tida Førdspollen ungdomslag. Saman med andre ungdomslag på øya skipa laget i mange år til fjellstemne. På 1950-talet bygde laget ungdomshus.

Losje Maritind

i Svelgen vart skipa i 1919.

Folkets Hus

i Svelgen vart bygd i Vågen i 1920 og var fram til smelteverket bygde Svelgen Samfunnshus i 1961, det einaste større forsamlingslokale i Svelgen.

Davik Musikklag

vart skipa ca. 1920 av Birger Rosenlund.

Berle Ungdomslag

vart skipa i 1921.

Rugsund ungdomslag

vart skipa i 1921.

Svelgen Songlag, dirigert av Kåre Indrehus, på songarstemne i Flekke i 1943. Ukjend fotograf. Eigar: Andreas Martin Riise/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Svelgen Songlag, dirigert av Kåre Indrehus, på songarstemne i Flekke i 1943. Ukjend fotograf. Eigar: Andreas Martin Riise/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Svelgen Songlag

vart skipa i 1927.

Kalvåg Hornmusikk

vart skipa i 1927. Hornmusikklaget vart avløyst av skulemusikken då den vart skipa i 1963.

Kalvåg Hornmusikk i 1953. Fremste rekkje frå venstre: Torvald Aannevik, Arne Frøyen, Helge Røys, Sigmund Frøyen, Osmund Frøyen, Ola Frøyen, Audun Røys, Malvin Nødset. Midtrekkja frå venstre: Odd Larsen, Arthur Abelsen, Ståle Gulestøl, Reidar Vestby, Ingmar Røys, Svein Røys. Bak frå venstre: Odd Fossedal, Bodvar Steinhovden, Jørgen Frøyen, Arvid Frøyen, Edvard Røys, Bernhard Frøyen, Jørgen Frøyen. Ukjend fotograf. Eigar: Magnus Nødset/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF)

Skipa i 1930, og har sidan vore ein sentral organisasjon i industribygda.

Idrettsanlegg i Bremanger

Svelgen Hornmusikk

vart skipa kring 1935.

Bremangerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremangerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger Idrettslag

vart skipa i 1945. I 2006 vart idrettshellen Bremangerhallen teken i bruk. Hallen vart reist med stor dugnadsinnsats frå bygdefolket, og ei innsamling gav 1,3 millionar kroner til hallen. 500.000 kroner av dette var ei gåve frå Bremanger Sanitetsforening.

Botnane Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946.

Davik Idrettslag

vart skipa i 1948 og nystarta 1968.

Berle Idrettslag

vart skipa i 1951.

Isane Idrettslag

vart skipa i 1953.

Svelgen Røde Kors

vart skipa i 1958. Laget kjøpte den gamle sjukestova som vart reist under spanskesjuka i 1918, pussa det opp og og nyttar huset som klubblokale.

Svelgen Samfunnshus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svelgen Samfunnshus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svelgen Samfunnhus

vart bygd i 1961 av Bremanger Smelteverk – sjå artikkelen Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Bremanger skulemusikk

vart skipa i 1961.

Kalvåg skulemusikk

vart skipa i 1963.

Svelgen skulemusikk

vart skipa i 1964.

Leirgulen Idrettslag

vart skipa i 1977.

Bremanger Songlag.

Bremanger Songlag.

Bremanger Songlag

vart skipa i 1977 etter opptak av Rune Ervik.

Svelgen Kunstlag

vart skipa i 1984.

Turar til Keipen har ei mykje lengre historie enn Keipen Turlag. Dette biletet er frå 1913. Foto frå Bremanger bygdebok.

Turar til Keipen har ei mykje lengre historie enn Keipen Turlag. Dette biletet er frå 1913. Foto frå Bremanger bygdebok.

Keipen Turlag

vart skipa i 1990. Turlaget dekkjer Bremanger kommune og har namnet sitt etter det 1382 meter høge fjellet Keipen på grensa mellom Bremanger og Flora kommunar.

Bremanger Musikklag

vart skipa i 1996. Laget har stått bak ei rekkje store prosjekt, m.a. med musikk av Elton John og ABBA som tema. Bremanger Musikklag har turnert med desse prosjekta både i Sogn og Fjordane og til Bergen. I 2012 vart Bremanger Musikklag tildelt Fylkeskulturprisen.

Bremanger Seniordans

vart starta i 2002 av Bremanger LHL. Laget har 30 medlemer i 2012.

Frå ABBA-prosjektet til Bremanger Musikklag, eitt av dei svært aktive laga i Bremanger. Foto: Maiken Aa. Solbakken, Firdaposten.

Frå ABBA-prosjektet til Bremanger Musikklag, eitt av dei svært aktive laga i Bremanger. Foto: Maiken Aa. Solbakken, Firdaposten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.11.2012