Hopp til innhold
X
Innhald

Laila Beathe Førde

Laila Beathe Førde. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Laila Beathe Førde. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Laila Beathe Førde fødd 1975 i Bremanger, musikar med saksofon og fløyte som instrument i tillegg til song. Utdanna på musikklinja ved Firda vidaregåande skule, Viken Folkehøgskule og musikkonservatoriet i Kristiansand.

Ho var med i visepopgruppa Fabel, som gav ut fleire cd-ar. Gruppa vart i 2002 tildelt Fylkeskulturprisen og var nominert til Spellemannsprisen tre gonger.

I 2014 gav Laila Beate Førde ut albumet «I Kjole av Stål» saman med Laila B Band.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2014