Hopp til innhold
X
Innhald

Leik i sengehalmen kosta fire hovudet

I 1744 skilde skarprettarøksa to hovud frå kroppane på garden Grotle.

Det var husbonden Jens Anderson og stedottera Guri Johannesdotter som måtte bøte med livet etter å ha fått eit barn saman. Det hadde seg slik at den 33 år gamle Jens gifta seg med ei kvinne som var 27 år eldre enn han sjølv.

Av naturlege grunnar, vil vel mange seie, så kasta Jens like varme augekast mot den nye stedottera si Guri som mot mora. Slikt kan det verte barn av, og då Jens slarva til drengen sin om at han sjølv var barnefaren, vart det sak og dødsdom. I dei dagar vart nemleg legermål mellom steforeldre og stebarn rekna som blodskam som vart straffa med døden.

Også Anne Johannesdotter frå Grotle fekk i 1750 dom på seg fordi ho hadde fått barn med Ola Steffenson Grotle. Straffa var tukthus og store pengebøter for begge barneforeldra. Ein annan kar frå bygda som også vedgjekk at han hadde vore i seng med Anne, fekk eit halvt år på tukthuset og 12 dalar i bot.

Same lagnaden som Jens og Gurid fekk i 1744, kom også Olav Svarstad og stedottera Sigrid Andersdotter til del i 1610. Dei hadde hatt samleie og vart førde til Bergenhus der dei vart piska og torturerte før dei vart halshogne. Hovuda vart sette på stake til spott og spe, og «seremonien» i Bergen vart finansiert ved at eigedomane deira heime i Bremanger vart kverrsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2008