Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Fiskehandel

Tidlegare Måløy Fiskehandel, no eigd av Snorre Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Måløy Fiskehandel, no eigd av Snorre Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Fiskehandel vart grunnlagt i 1936 av Olaf Barmen frå Barmøy og Harald Sætren frå Måløy.

I dei rike sildeåra bygde Måløy Fiskehandel stort sjøhus og fryseri på Gotteberg. Same handelsslekta har seinare starta bilforretninga Barmen & Lund. Fiskebuda var ei tid eigd av AS Fiskevegn, før Snorre Seafood (sjå Gustav Olsen ) i 2006 kjøpte anlegget for å drive røykeri og vidareforedling av fiskeprodukt.

Sonen til Olav Barmen, Oddmund Barmen, starta på 1960-talet bilforretninga Barmen & Lund saman med ein svoger. Dei overtok då bilverkstaden til Kvalheim & Rønning på Sæternes og starta også filial i Sogndal. Firmaet forhandlar m.a. bilmerket Saab

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010