Hopp til innhold
X
Innhald

Margret Igland

Margret Igland (1952-2006) frå Bremanger, busett i Leikanger. Biletkunstnar.

Margret Igland (1952-2006) frå Bremanger, busett i Leikanger. Biletkunstnar.

Utdanna m.a. ved Bergen Husflidskule, Sogn og Fjordane Kunstskule og i kunstformidling ved Distriktshøgskulen i Telemark. Delteke i fleire kollektivutstillingar m.a. Distriktsutstillinga frå 1992, Vestlandsutstillinga 1996 og same år kollektivutstillingar i Austerrike, Italia og Ålesund.

Har hatt separatutstilingar i Flora Kunstlag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter. Igland var busett i Florø på 1980-talet og leia då motstanden mot nedleggjing av Fylkessjukehuset i Florø.

Dotter til Amanda Igland og ektemake til Håkon Drage.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010