Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Monsen

Mons Monsen (1918–1980) frå Davik. Lensmann og politikar.

Mons Monsen (1918–1980) frå Davik. Lensmann og politikar.

Ordførar i Bremanger 1964-1967 for Arbeidarpartiet. Overtok som lensmann i Flora 1967, og kom med i lokalpolitikken der for Arbeidarpartiet. I fylkestinget vart Monsen ein av dei sentrale leiarane i ”lokalsjukehusfraksjonen” under sjukehusstriden kring 1970. Sjå Sjukehusstriden 1967–1972.

Monsen melde seg i 1971 ut av Arbeidarpartiet saman med dei fleste Ap-medlemmene i Florø i protest mot regjeringa Bratteli sitt vedtak om å byggje sentralsjukehus i Førde. Han stilte i 1972 på toppen av ei samlingsliste som fekk reint fleirtal i bystyret. Monsen vart vald til ordførar for denne lista i 1972 og sat ein periode (sjå også Flora kommune). Sjukdom gjorde at han då trekte seg frå politikken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008