Hopp til innhold
X
Innhald

Myren slipp og Mekaniske

Slippen i Myrafjæra i 1922. Foto frå Bremanger bygdebok.

Slippen i Myrafjæra i 1922. Foto frå Bremanger bygdebok.

Myren slipp og Mekaniske verksted i Myrafjæra i Rylandspollen i Bremanger vart starta i 1921 av Knut Pettersen.

Albert Ryland overtok slippen etter tvangsauksjon i 1937, men selde vidare same året til Haldor Ansgar Lyderson Halvorsen frå Florø. Slippen heitte etter dette eigarskiftet H. Halvorsen Slipp og Mek. verksted Ryland. Halvorsen produserte også garnrullar, spel, snurperingar og skipsventilar, og hadde frå 1950 eige metallstøyperi. Verkstaden sysselsette tre personar og var i drift til 1963.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.04.2010