Hopp til innhold
X
Innhald

Navic Engineering AS

Navic Engineering AS i Svelgen er ei ingeniørverksemd som vart starta i Svelgen i 2002 av Torgeir Fauske og Eivind Midlang. Navic driv råd- og rettleiingsteneste til industrien om effektivisering og materialforbetring. I 2005 starta Navic ei avdeling i Polen med 25 tilsette, og i 2006 ei avdeling i Stavanger. I 2008 vart verksemda kåra til årets vekstverksemd i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.02.2010