Hopp til innhold
X
Innhald

Oddgeir Igland

Oddgeir Igland fødd 1951 i Bremanger. Industrieigar og investor, Florø. Grunnla 1984 saman med Per A. Nødseth frå Florø, investerings- og industriselskapet INC, som m.a. eig skipsverft i Brandsøy og i Eikefjord. INC-gruppa har hatt store vedlikehaldsoppgåver på plattformane i Nordsjøen, og overtok frå 2002 vedlikehaldet ved Elkem Bremanger. I 1991 overtok gruppa oljebasen Fjord Base i Florø. Gruppa har ei årleg omsetning på 150 mill. kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.10.2011