Hopp til innhold
X
Innhald

Ola M. Grotle

Ola M. Grotle (1915-1943). Frå Bremanger. Fiskar og kvartermeister.

Ola M. Grotle (1915-1943). Frå Bremanger. Fiskar og kvartermeister.

Deltok i kampane i Noreg i aprildagane 1940 før han rømde til England i desember 1940 og gjekk inn i Kompani Linge. Kom med i «Shetlandsgjengen» og vart sjef for M/K «Igland». Med denne gjorde han seks turar over til Noreg med agentar og for å hente rømlingar. Grotle gjorde deretter to turar med M/K «Blia» og sju turar med M/S «Feiøy».

Under Måløyraidet 3. juledag 1941 var han los for den engelske krigsflåten. Den 7. januar 1943 var han på oppdrag med M/S «Feiøy» då båten kom bort. Tildelt Krigsmedaljen med stjerne post mortem. – Sjå også Johan Kristoffer Jørgensson Klungreset .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010