Hopp til innhold
X
Innhald

Omkomne under 2. verdskrig frå Bremanger

I alt 27 personar frå noverande Bremanger kommune fall i krigsteneste eller døydde av krigshandlingar. Ingen kommune i Sogn og Fjordane hadde så mange krigsoffer under 2. verdskrig som Bremanger.

Johan Friis (1921-1939).

Var smørar ombord i M/S «Ronda» som krigsforliste i september 1939.

Erling Myrhlie (1916-1940).

Var fødd i Oslo, men voks opp på Davik som fosterbarn. Omkom då M/B «Miranda» vart torpedert i Nordsjøen i januar 1940.

Olai Kristoffersen Steinset (1909-1940).

Omkom i januar 1940 då D/S «Telnes» kom bort på veg frå New York til Rotterdam og Antwerpen.

Erling Julin Oskarsson Olsen (1913-1941).

Erling Julin Oskarsson Olsen (1913-1941).

Flygar som vart såra under luftkamp over London i august 1941. Naudlanda, men døydde seinare av skadane. Erling Julin Olsen var leiar for Svelgen Turn og Idrettsforening, og tok flygarutdanning på Kjeller. Rømde til England i 1941 og øvde i nattflyging då han vart skoten ned. STIF reiste i 1946 ein minnestein over Erling Julin Olsen i Svelgen.

Malvin Sverinsson Aannevik (1903-1942).

Omkom då det svenske skipet M/S «Yngaren» vart torpedert i Nord-Atlanteren i januar 1942 på veg frå Halifax til England.

Joar Olivarsson Igland (1917-1942).

Gjekk inn i Marinen og var med under raidet mot Svalbard. Omkom då M/T «Kongsgaard» vart torpedert utanfor Curacao i februar 1942.

Arne Oskar Karlsson Grotle (1921-1942).

Var stuert ombord på minesveiparen «Harstad» som vart senka i Den engelske kanalen i februar 1942.

Petter Johan Eliasson Mulelid (1911-1942).

Kom bort under krigsforlis med den Panama-registrerte S/S «Equipoise» i mars 1942.

Ingvald Elias Bøen (1903-1942).

Var saman med Sigvald Kristian Høiland (sjå denne) mellom nordmennene som vart evakuerte frå Svalbard i 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Begge omkom under ein ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly i mai 1942.

Sigvald Kristian Høiland (1923-1942).

Var saman med Ingvald Elias Bøen (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Begge omkom under ein ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly i mai 1942.

Jostein Lofnes (1918-1942).

Rømde til England i 1941 saman med Hilmar Haug (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S «Leikanger» vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad i juli 1942.

Hilmar Haug (1923-1942).

Rømde til England i 1941 saman med Jostein Lofnes (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S «Leikanger» vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad i juli 1942.

Alf Olafsson Aronsen (1914-1942).

Var med i kampane ved Voss 1940. Tenestegjorde seinare som kanonskyttar på S/S «Iddefjord», deretter D/S «Selbo». Omkom då skipet han sigla med vart torpedert utanfor vestkysten av Afrika i november 1942.

Bård Olav Henriksson Grotle (1917-1942)

frå Grotle. Rømde til Shetland og vart medlem av Kompani Linge, der han kom inn i «Shetlandsgjengen» og vart sjef på skøyta «Aksel». Han utførte 10 turar over Nordsjøen med våpen og agentar før «Aksel» krigsforliste på veg tilbake frå Noreg til Shetland i desember 1942. Vart høgt dekorert for krigsinnsatsen post mortem.

Harald Leif Grotle (1918-1943).

Tenestegjorde i Marinen og vart Asdic-operatør på marinefartyet «Bodø» frå 1941. Omkom då «Bodø» krigsforliste på tilbaketur til Skottland etter oppdrag i Noreg januar 1943. Fekk Krigsmedaljen med stjerne post mortem.

Ola Grotle (1915-1943).

Deltok i kampane i Noreg 1940 før han rømde til England og vart medlem av Kompani Linge. Kom med i Shetlandsgjengen og vart sjef for M/K «Igland». Med denne gjorde han seks turar over til Noreg med agentar og for å hente rømlingar. Grotle gjorde deretter to turar med M/K «Blia» og sju turar med M/S «Feiøy». Under Måløyraidet i jula 1942 var han los for den engelske krigsflåten. I januar 1943 var han på oppdrag med M/S «Feiøy» då båten kom bort. Tildelt Krigsmedaljen med stjerne post mortem. (sjå også Johan J. Klungreset)

Johan Jørgensson Klungreset (1916-1943).

Rømde til England og vart medlem av Kompani Linge. Deltok i mange turar med agentar og rømlingar over Nordsjøen, og var mannskap ombord på M/S «Feiøy» då den kom bort under eit hemmeleg krigsoppdrag i Noreg i januar 1943. (sjå også Ole M. Grotle.)

Arthur Johan Hauge (1921-1943).

Tenstegjorde i Marinen på «Rose», «Sleipner» og «Tunsberg Castle» og hadde seinare teneste i land. Han vart sjuk og døydde på sjukehus i England i desember 1943.

Dagfinn Odinsson Frøyen (1920-1944)

Tenestegjorde i Marinen som matros på D/S «Baldwin». Han vart sjuk og døydde i South Shields i England.

Jon Olderø (1912-1943).

Kom bort saman med Harald Svortevik (sjå denne) på røming til Shetland i ei snekke i januar 1943.

Harald Svortevik (1916-1943).

Kom bort saman med Jon Olderø (sjå denne) på røming til Shetland i ei snekke i januar 1943.

Rasmus R. Nyvoll (1909-1944).

Var emigrert til Canada, og som kanadisk soldat fall han i kampane i Italia i mai 1944.

Olai Leirgulen (1918-1946),

som reiste til England i 1941 og gjorde teneste i den norske Marinen, døydde i desember 1946 som fylgje av krigstenesta.

«Framnæs»

Omkomne Bremangerfolk ved bombinga av «Framnæs» i 1944 – sjå Krigshistoria i Bremanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2008