Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Bremanger

Augustinus Nordbotten var ordførar i to periodar.

Augustinus Nordbotten var ordførar i to periodar.

Reidar Torvanger var ordførar frå 1952 til 1959.

Reidar Torvanger var ordførar frå 1952 til 1959.

Fram til 1866 høyrde øyane og vestre del av fastlandet til Kinn kommune. For ordførarar i Kinn fram til 1866 – sjå Flora kommune. Dessutan var Davik eigen kommune fram til 1964.

Ordførar i Bremanger kommune frå 1866 og fram til kommunesamanslåinga i 1964:

  • Handelsmann Rasmus Andreas Lexau 1866-1869
  • Bonde Gullak Vindspoll 1870-1871
  • Bonde Nils Øvrebotten 1872-1873 og 1876-1879
  • Lærar Absalon Gulestøl 1874-1875
  • Lærar og fiskar Eilert O. Nøttingnes 1880 og 1882-1890
  • Didrik Lexau 1881 og 1897-1898
  • Anders Hauge 1891
  • Lærar og fiskar Abraham N. Øvrebotnen 1892-1896
  • Bonde Kristoffer Indrehus 1899-1913
  • Bonde og fiskar Didrik Værøy 1913 og 1915-1916
  • Bonde og fiskar Augustinus Nordbotten 1914 og 1917-1919
  • Bonde og fiskar Henrik Grotle 1920-1928
  • Bonde og fiskar Alf Torvanger 1929-1941 og 1945-1951
  • Handelsmann Reidar Torvanger 1952-1959
  • Lensmann Mons Monsen 1960-1964

Ordførarar i Davik kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964:

Davik kommune omfatta også bygdene frå Reksnes, Kjølsdalen, Haus, Lefdal, Maurstad, Byggja og Almenning på nordsida av Nordfjord. Nokre av ordførarane har heimstad i desse bygdene.

Botolv Helgeson Thue, ordførar i Davik frå 1886 til 1891.

Botolv Helgeson Thue, ordførar i Davik frå 1886 til 1891.

  • Handelsborgar Henrik Didr. Echoff Friis 1837-1839
  • Sokneprest G.J. Lund 1840-1843
  • Proprietær Peter Martin Knoph 1844-1847
  • Proprietær Ole Martin Wiig 1848-1849
  • Sokneprest Chr. Meyer 1850-1859 og 1862-1867
  • Handelsborgar Lauritz Elstrand 1860-1861
  • Sersjant John Rasmusson Muri 1868-1871
  • Bonde Ola Abrahamson Haus 1872-1877
  • Bonde Peder J. Hessevik 1878-1879
  • Bonde Hans Kr. Jenssson Lefdal 1880-1885
  • Lærar Botolv Helgeson Thue 1886-1891
  • Bonde Waldemar Bakke 1892-1895
  • Lærar Lars J. Eldevik 1896-1897
  • Overrettssakførar Daniel Follestad 1898
  • Lærar Apollonius Liljedal Rosenlund 1899-1916
  • Gardbrukar og kjøpmann Lars P. Lefdal 1916-1937
  • Lærar Reinert Førde 1938-1941 og 1945-1949
  • Telefonstyrar Alfred Haugland 1950-1952
  • Kjøpmann Olav Dybedal 1953-1959
  • Bonde Alf Bakke 1960-1964
  • Einar Kjerpeset var ordførar frå 1996 til 2003. Foto: NRK.

    Einar Kjerpeset var ordførar frå 1996 til 2003. Foto: NRK.

    Ordførarar i Bremanger frå 1964:

    • Lensmann Mons Monsen, Arbeidarpartiet 1964-1965
    • Bonde Alf Bakke, upol. liste 1966-1967
    • Bonde Abraham Øvrebotten, Arbeidarpartiet 1968-1979
    • Telefonstyrar Bjarne Haugland, Venstre 1980-1981
    • Lærar Svein Kåre Senneset, Arbeidarpartiet 1982-1987
    • Lærar Roar Førde, Høgre 1988-1995
    • Salssjef Einar Kjerpeset, Senterpartiet 1996-2003
    • Lærar Kåre Olav Svarstad, Arbeidarpartiet 2004-2011
    • Prosjektleiar Karl Vidar Førde, Senterpartiet 2011-2015
    • Sjølvstendig næringsdrivande Audun Åge Røys, Høgre, 2015-

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.10.2015