Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Bremanger

Davik i 1856 - to år før bygda fekk postopneri. Akvarell av J. L. Losting.

Davik i 1856 - to år før bygda fekk postopneri. Akvarell av J. L. Losting.

Smørhamn

fekk det første postopneriet i «gamle» Bremanger kommune i 1858 – same året som Fylkesbaatane starta rutene sine. Handelsmannen i Smørhamn, Rasmus Andreas Henrikson Lexau, vart første styrar. Men dette «Smørhavn» postopneri fekk kort levetid, for i 1860 overtok eit nytt postopneri i Kalvåg.

Henrik A. M. Vik var ein av postopnarane i Ålfoten. Foto frå Bremanger bygdebok.

Henrik A. M. Vik var ein av postopnarane i Ålfoten. Foto frå Bremanger bygdebok.

Davik

fekk postopneri i 1858 med sokneprest Christian Meyer som første styrar. Frå 1858 til 1889 vart postadressa skriven «Davigen», og frå 1889 til 1921 «Daviken». I 1973 vart det omklassifisert til underpostkontor og i 1977 til postkontor C.

Kalvåg

fekk postopneri i 1860 med Zakarias K. Frøien som første styrar. For resten av 1800-året var det sokneprest, lensmenn og lærarar som styrde postkontoret i Kalvåg. Heilt fram til 1920 hadde dette postkontoret i Kalvåg poststempelet «Bremanger». Bremangerpollen (sjå dette) postopneri overtok «Bremanger» som postadresse først i 1922. Kalvåg postopneri vart underpostkontor i 1973 og såkalla postkontor C i 1977.

Rugsund

fekk postopneri i 1876 med handelsmann Thomas A. Friis som første styrar. Kontoret endra status til underpostkontor i 1973 og til postkontor C i 1977. Det vart lagt ned i 1998.

Bremanger

fekk postopneri i 1876 med handelsmann S. Flamer som første styrar. Heilt fram til 1922 hadde kontoret poststempel «Bremangerpollen» fordi Kalvåg-kontoret la beslag på adressa «Bremanger» heilt fram til 1920. I 1973 fekk kontoret i Bremanger status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.

Bremangerpollen

– sjå Bremanger.

Hauge i Bremanger i 1960. Foto: Telemark Flyselskap AS. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hauge i Bremanger i 1960. Foto: Telemark Flyselskap AS. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelkenes

fekk postopneri i 1877 med Knud A. Kjælkenæs som første styrar. På poststempelet stod «Kjælkenæs» fram til det vart endra til «Kjelkenes» i 1889. Kjelkenes-kontoret tente lenge som postopneri for fleire bygdelag i ytre del av Gulefjordane etter kvart som dei lokale brevhusa der vart nedlagde. Kontoret på Kjelkenes vart lagt ned i 1994 og innordna under postadressa Svelgen.

Ålfoten

fekk postopneri i 1878 med Elias M. Vik som første styrar. Frå 1878 og fram til 1891 var postadressa «Aalfot», frå 1891 til 1917 «Aalfoten» og sidan 1917 «Ålfoten». I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og nedlagt i 1998.

Dombestein

fekk postopneri i 1887 med landhandlar Petter C. Wiese som første styrar. I 1889 vart stempelet endra frå «Dombesten» til «Domsten», og to år seinare til «Dombestein». I 1895 vart postopneriet lagt ned.

Berle

fekk postopneri i 1888 med Helge Hauge som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1994. Sommaren 1990 var det også laga eit eige poststempel for brevhuset «Hornelen» i Berle.

Isane

fekk brevhus i 1892 med postadresse «Isene i Davik». Bygda fekk postopneri i 1895 med Ole T. Førde som første styrar. Fram til 1921 stod det «Isene» på poststempelet. I 1968 vart kontoret lagt ned og innordna under Davik.

Botnane

fekk postopneri i 1896 med Ole Mikal A. Sørbotten som første styrar. Fram til 1921 var postadressa «Botnene». I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og nedlagt i 1994 og innordna under Svelgen.

Hennøystranda til venstre og Hennøy midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennøystranda til venstre og Hennøy midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennøystranda

Hennøen brevhus vart skipa i 1898. Det vart lagt ned i 1906, og i staden kom «Hennøstranden» postopneri med lærar B.E. Torheim som første styrar. I 1921 vart namnet endra til «Hennøystranda». Det fekk status som underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. Kontoret vart lagt ned i 1991. Dei store sesongfiskeria i Frøysjøen på slutten av 1800-talet gjorde at ein mellombels skipa eit «Henø» postopneri som var i funksjon frå desember 1886 og fram til 15. januar 1887.

Skatestraumen

fekk brevhus i 1898. Dette vart omgjort til postopneri i 1906 med Han J. Klubben som første styrar. I 1921 vart namnet endra frå «Skatestrømmen» til «Skatestraumen». I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1998.

Rugsund brygge

fekk brevhus i 1908. Dette var ei spesialordning for dei som budde kring det gamle kremmarsetet som ligg på vestsida av Rugsundstraumen. Sjølve postopneriet «Rugsund» låg på den landfaste sida. I 1928 vart postadressa endra til «Rugsundøy». Brevhuset vart lagt ned i 1981 og innordna under Rugsund.

Rugsund handelsstad hadde ei tid eige brevhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rugsund handelsstad hadde ei tid eige brevhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rylandspollen

fekk brevhus i 1908. Det vart lagt ned i 1919 og bytt ut med eit postopneri der dampskipsekspeditør Kristian Ryland var første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1967 og innordna under Bremanger.

Bortnen

fekk brevhus i 1915. I 1933 vart adressa endra frå «Bortne» til «Bortnen». Brevhuset vart lagt ned i 1987.

Leirgulen

fekk brevhus i 1916. Det vart lagt ned i 1946.

Svelgen

fekk postopneri i 1918 med gardbrukar Per B. Rise som første styrar. I 1979 fekk det status som postkontor C.

Novelandet

fekk brevhus i 1922 med poststempel «Nåvelandet». I 1933 vart dette endra til «Novelandet». Brevhuset vart lagt ned i 1967.

Iglandsvik hadde brevhus frå 1932 til 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Iglandsvik hadde brevhus frå 1932 til 1962. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Iglandsvik

på Bremangerlandet fekk brevhus i 1932. Det vart lagt ned i 1962 og innordna under Bremanger.

Elde

fekk brevhus i 1938 med poststempel «Eldebygda». Det vart lagt ned i 1965 og innordna under Rugsund.

Dyrstadgrend

fekk brevhus i 1939. Det vart lagt ned i 1975 og innordna under Kjelkenes.

Nesbø

fekk brevhus i 1942 med poststempel «Nesbøstrand». I 1943 vart dette endra til «Nesbø». Det vart lagt ned i 1975 og innordna under Kjelkenes.

Endal

fekk brevhus i 1946, og i nokre veker hadde det poststempelet «Endalsgrend». Dette vart endra til «Endal i Nordfjord». Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Davik.

Sørgulen

fekk brevhus i 1948. Det vart lagt ned i 1977 og innordna under Kjelkenes.

Indrehus

fekk brevhus i 1950. Det vart lagt ned i 1969 og innordna under Kjelkenes.

Indrehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indrehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2010