Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Anderson Vetvik

(1875-1936) frå Vetvik, busett i Måløy. Fiskeeksportør og fiskebåtreiar.

Saman med broren Johan Vetvik tente han på slutten av 1800-talet gode pengar på hummarfiske og kjøpte i 1899 ein gard med tilhøyrande sjøhus på Midtgård i Måløy. Her bygde han og broren i 1905 ei stor sjøbu og slo seg stort opp som fiskeeksportørar og fiskebåtreiarar kring 1. verdskrig. På det meste Vetvik-brørne sju fiskebåtar.

Rasmus vart pionér på snurrevadfiske etter flyndre då han starta dette fisket langs Vestlands-kysten i Nord-Noreg i 1907. Levande flyndre vart send med brønnbåtar til Bergen og Oslo.

Brørne mista det meste av fiskeflåten og sjøbuda i Måløy ved ein konkurs tidleg på 1920-talet. Kring 1930 var Rasmus ein av dei første som starta fiske etter pigghå med fiskebåten «Fossan». Han gjorde forsøk på å låssetje levande pigghå i mærdar i Skavøypollen, slik at han kunne tilby fersk fisk når marknaden betalte den beste prisen, men forsøket fall ikkje heldig ut.

«Vetvik-buda» i Måløy vart i 1925 kjøpt av Rasmus Domstein frå Dombestein ved Davik, og her vart grunnlaget for det kjende Domstein-konsernet lagt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008