Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Torvanger

Spar Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spar Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reidar Torvanger starta landhandel og fiskeforretning i Bremanger 1913, og dreiv også fiskebåten ”Hagbard”. Reidar Torvanger var ordførar i Bremanger 1952–1959.

I 1968 overtok M. Håvardstun butikken som då fekk namnet M. Håvardstun Daglegvarer.

I 1968 vart det reist nytt forretningsbygg på Hauge. Forretninga har vore knytt til fleire kjeder dei siste tiåra, men i 2010 er det ein Spar-butikk med namnet Spar Bremanger, eigd av O. Håvardstun AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2010