Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegsambanda til Svelgen

Svelgen sett frå vegen mot Isane. Foto: Ståle Sørbotten.

Svelgen sett frå vegen mot Isane. Foto: Ståle Sørbotten.

Sørover mot Haukå og Florø

Industri- og kommunesenteret Svelgen fekk vegsamband med omverda i 1965 då vegsambandet sørover til ferjeleiet på Haukå vart opna. Vegen går i ein 2846 meter lang tunnel under Magnhildskaret. Magnhildskaret ligg verhardt til, og riksvegen har difor vore mykje utsett for snøras på nordsida av skaret. Vegstellet har installert ein eigen heis for transport av sprengstoff opp til fonnene som vert sprengde bort når dei trugar vegen for mykje. Like vest for Svelgen ligg elles Eikelandtunnelen på 100 meter. Ferja Haukå-Bjørnset knytte Svelgen til riksvegnettet i Sunnfjord fram til Norddalsfjordbrua (sjå Veg- og brusamband i Flora) vart opna i 1987 og gjorde strekninga Isane-Svelgen-Florø ferjefri. På Haukå ligg Haukåtunnelen på 140 meter og vest for Haukå Nordaltunnelen på 325 meter.

Fylkesveg 614 (tidlegare riksveg 614) ved Indrehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesveg 614 (tidlegare riksveg 614) ved Indrehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordover mot Isane og Davik

Heilt sidan kommunesamanslåinga i 1964 då Svelgen vart kommunesenter i den nye storkommunen var det planen å skunde på vegsamband frå Nordfjord-bygdene som hadde lege i gamle Davik kommune og mot Svelgen. Første etappe var å byggje veg mellom Svelgen og Ålfoten og vidare mot Isane, der ein kunne skøyte saman med vegen som går mot Davik og til Rugsund. Gjennomslaget på den 1733 meter lange Isanetunnelen kom i 1971, og i 1972 kunne ein opne vegsambandet Isane-Svelgen gjennom dalføra i Ålfoten og det nye ferjesambandet over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.

Inngangen til Skatestraumtunnelen på Bremangerlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inngangen til Skatestraumtunnelen på Bremangerlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremangersambandet

Det nye vegsambandet knytte Nordfjord-bygdene til kommunesenteret Svelgen. Men for dei vestlege grendene kring Rugund vart det mange mils køyring om Isane og Ålfoten før dei nådde Svelgen. Difor kom planen om det såkalla ”Bremangersambandet” med veg og tunnel frå riksvegen Isane-Svelgen ved Langesi og ned til bygda Bortnen. Seinare vart planane endra til tunnel på 4,8 kilometer mellom Bortnen og Sørdalsvatnet. Denn vegen, også kalla Bremangersambandet 2, vart opna 16. mai 2013 av fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Dette gjorde at vegen mellom Svelgen og Bremangerlandet vart korta ned med 40 kilometer.

Andre delen av Bremangersamband vart opna 16. mai 2013. Her ser vi vegen mot Bortnen, der det går tunnel gjennom fjellet til Sørdalsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andre delen av Bremangersamband vart opna 16. mai 2013. Her ser vi vegen mot Bortnen, der det går tunnel gjennom fjellet til Sørdalsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2013