Hopp til innhold
X
Innhald

Rise Næringsbygg

Rise Næringsbygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rise Næringsbygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rise Næringsbygg vart reist i Svelgen i 1993 i eit samarbeid mellom næringsdrivande og Bremanger kommune.

Kjøpesenteret i kommunesenteret er på 1250 kvadratmeter og husar Svelgen Vaskeri, røyrleggjar Roald Nigardsøy, Ferstad Installasjon, Charmen dame- og herrefrisør, tannlegekontor, brannstasjon og teknisk avdeling i Bremanger kommune, hamnevesenkontor og kontora til næringsutviklingsselskapet Bremanger Vekst.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.04.2010