Hopp til innhold
X
Innhald

Rorbuferie og hytteutleige

I Kalvåg er mange av dei gamle sjøbuene ombygde til turisthusvere. Foto: Arild Nybø, NRK.

I Kalvåg er mange av dei gamle sjøbuene ombygde til turisthusvere. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kysten kring Bremangerlandet og Frøya er kjend for gode fiskeplassar, og i åra etter årtusenskiftet har det vorte satsa stort på utbygging av hytter og robuanlegg.
Utanom reiselivsanlegget Knutholmen i Kalvåg, hytteanlegga kring handels- og skysstasjonen Smørhamn og den gamle handelsstaden i Rugsund, finn ein i 2006 desse turistanlegga i Bremanger kommune:

Bremanger Seafood

i Struen på Bremangerlandet har fem utleigehusvære for turistar.

Bualoftet rorbu

i Struen på Bremangerlandet har utleigehusvære i ombygd sjøbu.

Igland Hyttegrend ved Iglandsvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Igland Hyttegrend ved Iglandsvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Igland Hyttegrend

ved Iglandsvik har fire utleigehytter.

Åkrebua

i Iglandsvik er ei 100 år gamal sjøbu som er restaurert og sett i stand som utleigehytte.

Torvanger Kysthytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torvanger Kysthytter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torvanger Kysthytter

i Bremanger har tre hytter.

Berle Kysthytter

i Berle har to hytter.

Sjøstjernen

er ei flytande utleigehytte som er plassert i Bugta mellom Kalvåg og Bremanger.

Den flytande hytta i Bugta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den flytande hytta i Bugta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hammerbua

i Kalvåg er ei sjøbu med fire ferieleiligheiter.

Bakkevik Brygge AS

på Novelandet vart opna i 2006 og er eit hytte- og feriesenter bygd i såkalla rorbustil. Eigarar er Jostein Bakke og Audun Bakke.

Bremanger Brygge AS

i Iglandsvik vart opna i 2006 og er eit hytte- og feriesenter i såkalla rorbustil. Bak prosjektet står John-Ove Bratseth, Jostein Igland m.fl.

Eikeset Havbuer

på Eikeset vart opna i 2007 med tre utleigehusvære i ei rorbu.

På fastlandet ligg:

Langesjø hyttegrend

i Myklebustddalen i Ålfoten med to hytter.

Dyrstad Hytter

med tre hytter.

Bremanger Kysthytter

på Ytrehus har to sjøbuer med plass til i alt 16 overnattingsgjestar og vart opna i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.05.2010