Røys Preserving

Dei tilsette på krabbefabrikken Røys Preserving.
Audun Røys grunnla i 1923 handels- og fiskeforretning i Kalvåg.
Saman med Valdemar Gjertson Bakke starta han krabbemottak. I 1933 kjøpte han ei fiskebu etter handelsfamiliane Melstvedt og Lepsøe. I 1937 stara Audu Røys eigen hermetikkfabrik - Røys Preserving - og frå 1942 produserte han også fiskemat. Audun Røys kunne ha opptil 32 arbeidarar i sving i krabbesesongen i mellomkrigstida, og produksjonen kom opp i 45.000 boksar årleg. Bygget som Røys Preserving heldt til i vart kalla «hotellet». Hermetikkfabrikken var i drift til 2. verdskrig.
Frå 1975 har Audun Åge Røys drive butikken som i 1997 vart slegen saman med butikken til Svein Inge Fosse, og namnet vart Kalvåg Handel AS. I 2005 tok Svein Inge Fosse over drifta.

Røys Preserving heldt til i bua til venstre, også kalla Hotellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 22.04.2010