Hopp til innhold
X
Innhald

Rugsund stort kyrkjesokn i gamal tid

Rugsund kyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Rugsund kyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Rugsund kyrkje vart bygd i 1838. Arkitekt H.D.F. von Linstow. Kyrkja fekk m.a. lågare og nytt tårn ved ei oppussing og utviding i 1911. Rugsund-kyrkja er svært rikt dekorert: Atlartavla, preikestol, døypefont og veggdekor er frå 1911 og er skore og måla av Lars Kinsarvik (1846–1925) frå Hardanger. Kinsarvik har m.a. også utsmykka kyrkjene på Totland ved Bryggja, Eid kyrkje og kyrkja på Stadlandet i Selje kommune. 28 glasmåleri som vart sette inn i 1911, er laga Kristiania-kunstnaren Jørgensen. Den utflytta rugsundaren Carl D. Kolset gav rike gåver til utsmykking av kyrkja i heimbygda.

Dette biletet er teke under vigslinga av Rugsund kyrkje i 1912, etter at kyrkja var pussa opp, ombygd og utvida.

Dette biletet er teke under vigslinga av Rugsund kyrkje i 1912, etter at kyrkja var pussa opp, ombygd og utvida.

Nattverdskalk og disk er frå 1712, lysekrune frå 1719. Ei gamal altartavle av Hans Leganger Reusch er opphengd i kyrkja. Desse er henta frå tidlegare kyrkjer på staden: I Rugsund har det vore kyrkje minst sidan 1200-talet, først nemnt i 1328. Den første kyrkja var ei stavkyrkje som låg på Rugsundøya like ved handelsstaden som vi kjenner i dag. I 1650 vart den avløyst av ei tømra kyrkje på same staden. Denne var 20 x 9 meter.

Dagens kyrkje vart bygd etter at den gamle kyrkja som stod ved kremmarleiet på Rugsundøya, brann ned.

Sør-Vågsøy sokna til Rugsund-kyrkja

I mellomalderen har den sørlege delen av Vågsøy og dei fleste bygdene i ytre delen av Nordfjord, frå og med Maurstad/Bryggja og vestover, sokna til kyrkja i Rugsund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012