Hopp til innhold
X
Innhald

Runesteinen frå Hennøy

Hennøy sett frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennøy sett frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Hennøy like vest for det store helleristingsfeltet i Vingen er det funne ei helleristing av eit firbeint dyr, og to gravrøyser frå bronsealderen og jernalderen med høvesvis 26 og 12 meters tverrmål.

Men det mest interessante funnet i Hennøy er ein to meter lang runestein som vart funnen på Litle Hennøy. Steinen har ni korte runeinnskrifter, truleg rissa inn av folk som la seg til anker her på skipsreise langs kysten.

Den mest forvitnelege innskrifta fortel: «Her låg menn som kom frå Risaland med skipet lasta med gull. Og det er i denne steinen».

Truleg er dette forklaringa på at steinen er kløyvd i to med tydelege sleggeslag. På islandske kart frå 1500-talet er Risaland teikna inn nord for Grønland. Ei anna runeskrift på steinen: «Den ramme jotnen rista runene».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2010