Hopp til innhold
X
Innhald

Sabotørane på Gangsøy

I 1944 vart tre Linge-karar, «Tungtvann-sabotøren» Fredrik Kayser (1919-2009), Kristian Fjell, Severin Synnes og Armand Trønnes sette i land på Gangsøy i Fåfjorden. Dei hadde med seg einmanns mini-ubåtar, og oppdraget var å sprengje fiendtlege skip på hamna i Måløy.

Dei vart oppdaga av ein jente, og ved ei mistyding trudde bygdefolket at det var tyskarar ute på ulovleg sauejakt dei såg. Lensmannen vart varsla, og både Gestapo og tyske soldatar slo til.

Men Kayser og dei andre hadde fått eit førevarsel, fekk løynt ubåtane under tang i fjæra og rømde over Bremangerøya til Botnane. Der gjekk dei i dekning hos Thorbjørn Øvrebotten før dei vart henta tilbake til Shetland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010