Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk i Bremanger

Ytrehus Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ytrehus Sag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Erik O. Nord og sagbruka i Svelgen

Før kraftreguleringa av den mektige Svelgsfossen starta i 1917, var det både sagbruk og kvern under fossen.

Sagbruka i Ålfoten

Dei store skogane i Ålfotdalen og austover mot Yksenelvane gav grunnlag for fleire sagbruk i Ålfoten heilt frå 1500-talet, og aktiviteten her var truleg større enn både ved Svelgsfossen og på Indrehus.

Nordfjordingar hogg tømmer på Indrehus

Også på Indrehus i Midtgulen er det god fureskog, og det går segner om at mykje av skogen der vart hoggen ut på slutten av 1500-talet og seld til skottar.

Ola Sølvberg

bygde kring 1915 eit sagbruk på Kjelkenes. Han kjøpte opp tømmer som han fløytte fram til sagbruket på Kjelkenes. Sølvberg bygde eit stort bustadhus like ovanfor sagbruket. Han flytta til Rise i Svelgen i 1934 og dreiv bygningsfirma der.

Sverre Maurseth

frå Markane bygde sagbruk i Ålfoten i 1920 – sjå artikkelen: Sagbruka i Ålfoten.

Sigurd D. Isane

Sigurd D. Isane

grunnla sagbruk på Isane kring 1930. Sagbruket gjekk med vasskraft i den straumlause bygda.

Ytrehus Sag AS

vart starta i 1971 av Rolf, Arne J. og Arne E. Ytrehus. Alle hadde drive mindre sagbruk tidlegare. I tillegg vart Sverre Bjørdal kompanjong. Sagbruket henta det meste av virke frå eigne skogar og hadde på det meste 15 tilsette. Sagbruket vart lagt ned i 1997, og no driv firmaet palleproduksjon og byggevarehandel.

Indrehus Bruk

På Indrehus har det vore sagbruk i fleire generasjonar. I 2012 starta produksjonen i eit nytt sagbruk, Indrehus Bruk, eigd av Gunnstein Indrehus. Han bygde sagbruk og tørkehus og satsa på produksjon av lafta tømmer og golv til oljeforsyningsskip. Planen er å kome i gang med produksjonen våren 2014.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2014