Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruka i Ålfoten

Sagbruket på fjellet over Yksenelvane. Ukjend fotograf.

Sagbruket på fjellet over Yksenelvane. Ukjend fotograf.

Dei store skogane i Ålfotdalen og austover mot Yksenelvane gav grunnlag for fleire sagbruk i Ålfoten heilt frå 1500-talet, og aktiviteten her var truleg større enn både ved Svelgsfossen og på Indrehus.

Den første saga som er omtala i bygda, er flaumsaga på Myklebust frå 1560. I 1602 er det registrert sagbruk både i Vik og i Førde. I Ålfotdalen vart det drive tømmerhogst heilt vestover mot Sørdalen ved Svelgen. Før elektrisiteten kom hadde fleire av gardane i Ålfoten sagene sine ved Sagelva under dei store fossefalla frå Daurmålsvatnet. Mykje tømmer vart då fløytt over fjorden og fram til saga. Folket i Førde hadde felles sag i Åskoreelva, der SFE-kraftverket seinare vart bygt.

Sagbruk i villmarka

Sverre Maurseth frå Markane starta i 1920 eit stort sagbruk i Ålfoten. Han kjøpte m.a. tømmer frå Gloppen og Hyen.

I ein kort periode under 2. verdskrig, truleg i 1942, bygde Maurseth opp eit sagbruk høgt oppe i fjellet i Yksenelvane ved Ålfoten. Her er det stor fureskog. Sagbruket låg ved Lundavatnet og vart drive av eit overvasshjul. Tømmeret vart fløytt fram til saga, og frå saga vart ferdig skurlast heist ned til fjorden på taubane. Åtte mann frå Ålfoten

var i arbeid på denne saga i den korte tida den var i drift. I 1918 kjøpte Arne Jensen (fødd Arne Andersen Myklebust) frå Utvik garden Askvika ved utløpet av Ålfotfjorden for å drive ut skogen der. Tømmeret frakta han til saga og høvleriet som han dreiv i Utvik. I 1948 selde han Askvika til Firdakraft L/L i samband med utbygginga i Yksenelvane.

Eit arbeidslag hektar ryggsekkane sine av taubana etter å ha gått opp frå fjorden ved Yksenelvane. Ukjend fotograf.

Eit arbeidslag hektar ryggsekkane sine av taubana etter å ha gått opp frå fjorden ved Yksenelvane. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.04.2010