Hopp til innhold
X
Innhald

Shetlandsfart frå Bremanger

Vetvik. Foto: Gunnar Skjølberg.

Vetvik. Foto: Gunnar Skjølberg.

Shetlandsfarten fekk tidleg mange viktig bruhovud i Bremanger for våpentransport og transport av flyktningar og sabotørar.

Vetvik på vestsida av Bremangerlandet var den sentrale hamna dei første krigsåra. Ruta vart avslørt i 1942 etter opprulling frå Telavåg i Hordaland. Fire mann, Kornelius Ragnar Solheim , Ivar Solheim og Ole Gangsø frå Vetvik og Roar M. Grotle frå indre Grotle, vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Halvbrørne Solheim fekk begge dødsdom som ikkje vart sett i verk.

Fleire unge menn som rømde vestover frå Bremanger kom med i den vidgjetene Shetlands-gjengen under kommando av Leif Larsen – Shetlands-Larsen, og fleire Bremanger-gutar miste livet under farefulle tokt med små fiskeskøyter oppunder norskekysten.

- Les meir om nokre av desse karane under biografiar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010