Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivaren budde i Ålfoten

Ålfoten med Sigdestadneset midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ålfoten med Sigdestadneset midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Martinius Torbjørnson (Morten Torbernsen) var den første sorenskrivaren i Nordfjord. Han vart tilsett i embetet kring 1592.

Kring 1600 vert det opplyst at sorenskrivaren har busett seg på garden Sigdestad i Ålfoten. Det er uvisst om han framleis var sorenskrivar då han budde i Ålfoten, men det var ikkje uvanleg at embetsmenn på den tida budde og utøvde embetet frå den staden som dei sjølv likte best.

Torbjørnson døydde kring 1617, men hadde samla seg store jordeigedomar m.a. i Olden, Innvik, Utvik, Sølvberg og i Gloppen.

På Sigdestad dreiv sorenskrivaren m.a. ei oppgangssag, for garden hadde store skogvidder. På garden skal det stå ei gamal kiste som kan vere frå sorenskrivartida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2010