Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Inge Fosse

Svein Inge Fosse fødd 1954 i Kalvåg. Forretningsmann og krovert. Fosse var ei drivande kraft i «Kalvågprosjektet» for bevaring av det gamle sjøhusmiljøet i Kalvåg og å utvikle fiskeværet som eit reisemål for turistar.

Han starta i 1986 Kafé Vest, og har sidan 1991 bygd opp restaurant, overnatting og konferansesenter på Knutholmen. Han er også medeigar i Kalvåg handel og andre forretningsaktivitetar i Kalvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011