Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Kåre Senneset

Svein Kåre Senneset (1947-2013) frå Bremanger, busett i Bremanger og Øvre Årdal. Lærar og politikar (Arbeiderpartiet). Ordførar i Bremanger 1982-1987. Rektor ved Hauge skule i Bremanger til han flytta til Årdal, der han vart tilsett som helse- og sosialsjef.

Senneset var medlem av fylkestinget frå 1992 til 2003 og medlem av fylkesutvalet. Han var leiar i helse- og sosialutvalet, og medlem av det regionale helseutvalet for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.07.2013