Hopp til innhold
X
Innhald

Svelgen Kjøpelag

Coop Marked i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgen Kjøpelag vart skipa av dei tilsette ved A/S Bremanger Kraftselskap i 1923. Då Svelgen Handelslag vart skipa i 1928 og bygde forretning ved Riseelva, overtok dei varelageret til Svelgen Kjøpelag. Etter krigen bygde Svelgen Handelslag ny forretning på Riseøyra. Bygget har sidan vorte utvida og modernisert fleire gonger. I 1996 gjekk Svelgen Handelslag inn i Førde Samyrkelag, som i 2000 endra namn til COOP Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2010