Hopp til innhold
X
Innhald

Svelgen Turn- og Idrettsforening

Fana til Svelgen Turn og idrettsforening. Dei to som står med fana var med og skipa idrettslaget. Til v. Alf Zachariassen, til h. Kaare Kjølberg. Foto frå jubileumsboka ”Heia STIF!”

Fana til Svelgen Turn og idrettsforening. Dei to som står med fana var med og skipa idrettslaget. Til v. Alf Zachariassen, til h. Kaare Kjølberg. Foto frå jubileumsboka ”Heia STIF!”

Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) vart skipa i 1930, og har sidan vore ein sentral organisasjon i industribygda.

Kaare Kjølberg var formann dei sju første åra. Laget fekk 67 medlemmer frå starten. Dameturn var ei populær grein heilt frå starten, og turnmiljøet i Svelgen var kjent som eitt av dei fremste i fylket. Høgste medlemstal hadde STIF i 1980, med 688 medlemmer, og laget har på sitt beste hatt 11 særgrupper i aktivitet.

Framståande idrettsprestasjonar frå STIF

Den fremste idrettsutøvaren frå laget har vore ti-kjemparen Svein Frøyen, som i 1950 vann bronse og 1951 sølv i NM. Han var aktuell kandidat til OL i Helsinki i 1952, men vart skadd før kvalifisering. Elles har symjarane Thor Åge Midttun, Idar Eikeland og Arne Helle representert Noreg i landskampar. Det same har fotballspelaren Marit Renate Midthjell.

I seinare klubbar har tidlegare STIF-medlem Reidulf Førde gjort seg gjeldande på nasjonalt plan i friidrett, Arild Førde i fotball og Unn Kvendseth i volleyball.

Den fremste prestasjonen innan lagidrett var då herrelaget i volleyball vart Noregsmeister i 1979. I 1996 arrangerte STIF NM i volleyball for jenter og gutar opp til 18 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010