Hopp til innhold
X
Innhald

Terrasaka 2007

Rådmann Nils Geir Myrkaskog og ordførar Marta Finden Halset i Vik studerer dei dystre tala etter Terra-skandalen. Foto: Sindre Løkstad, NRK.

Rådmann Nils Geir Myrkaskog og ordførar Marta Finden Halset i Vik studerer dei dystre tala etter Terra-skandalen. Foto: Sindre Løkstad, NRK.

I 2007 vart kraftkommunane Vik og Bremanger dregne inn i ein finansskandale som var sett i scene av det norske meklarhuset Terra Securities. Meklarhuset hadde overtydd fleire norske kraftkommunar, mellom dei Vik og Bremanger, om at dei kunne ”forskottere” framtidige kraftinntekter og plassere midlane i amerikanske hegdefond. Slike hedgefond er i utgangspunktet ei risikofylt pengeplassering, sjølv for øvde finansfolk.

Kommunane sette si lit til råda som Terra Securities gav, og sytte ikkje for å få råda kvalitetssikra hjå andre ekspertar. Hegdefonda viste seg å vere knytte til såkalla ”rotne lån” i den amerikanske bustadmarknaden. Då bustadmarknaden i USA braut saman i 2007 og huskjøparar ikkje kunne gjere opp for seg, såg det ut til at dei samla tapa til dei norske kommunane kunne kome opp i over milliarden.

Braut Kommunelova

Finansskandalen gjorde at Terra Securities slo seg sjølv konkurs, og eigarane av gruppa sa frå seg vidare økonomisk ansvar. Det viste seg også at kommunane hadde brote Kommunelova ved måten dei hadde gått fram på. Staten nekta å gå inn med konkret pengestøtte for å dempe problema som tapa skapte, men gav spekulasjonskommunane ein frist på fire år for å bøte på dei økonomiske skadane som Terra-tapa førde til.

Bremanger kan kome til å tape 180 millionar og Vik kring 70 millionar kroner på Terra-skandalen.

Ordførar Kåre Olav Svarstad informerer Bremanger kommunestyre om Terra-tapa. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Ordførar Kåre Olav Svarstad informerer Bremanger kommunestyre om Terra-tapa. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Endå verre for Bremanger

I september 2010 kom det fram at Bremanger kan tape endå meir på risikable investeringar. I 2006 og 2007 inngjekk kommunen avtale gjennom Terra Securities om å invester til saman 820 millionar kroner i såkalla derivat. I september 2010 såg det ut til at Bremanger kom til å tape 39 millionar kroner på desse investeringane, som er knytte til rentenivået. Er renta under seks prosent taper kommunen, er renta over blir det vinst. Denne renta utvikla seg gunstig for Bremanger resten av 2010, slik at det bokførte tapet vart på fire millionar kroner.

Rådmannen måtte gå

I november 2010 måtte tidlegare rådmann Tor Kristian Gulhaugen gå frå stillinga si i Bremanger kommune på grunn av måten han hadde handterte Terrasaka på.

Heimfall av kraftverk hjelpte på

I 2014 selde Statkraft kraftverka Svelgen I og Svelgen II. Det gav Bremanger kommune 170 millionar kroner i heimfallskompensasjon. Samstundes misser kommunen 3,7 millionar kroner årleg i driftsinntekter frå kraftverka.

Film om skandalen

Terraskandalen vart tema i ein dokumentarfilm, ”Når boblene brister”, som hadde premiere i 2012. Filmen vart vist på kinoar og på NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2014